Fandens bestemor

Ein omgang juling sette det heile i gang. No er banning levebrødet til Ruth (71), som meiner ho veit kvifor stygge ord er viktige for oss.

– Firfislefitte. Smak på det ordet!

Språkrofessor Ruth Vatvedt Fjeld (71) ler høgt.

Saman med kollegaer frå heile verda, deltar ho på den årlege konferansen om bannskap og tabuspråk. Ein konferanse for dei få, men brennande forskarsjeler.

Er du av det sarte slaget, som skrur av radioen når du høyrer grovt snakk, er det like greit om du stoppar her.

Bannekonferanse

I eit klasserom på Södertörn Högskola utanfor Stockholm sit tretten kvinner og seks menn samla rundt små bord.

Konferansen Swearing in Scandinavia 2019

Skjellsorda er for alvor tatt inn i den akademiske varmen.

Bok fra konferansen Swearing in Scandinavia 2019

​​​​​​​​​​​​​​Forskarane kjem frå USA, Irland, England, Finland, Bosnia, Russland, Frankrike, Danmark, Norge og vertslandet Sverige.

Tavle fra konferansen Swearing in Scandinavia 2019

Hender sprett i veret. Spørsmål blir stilt. Dei lyttar og noterer. Ved første augnekast ein vanleg konferanse for vanlege forskarar.

Ganske søvndyssande for alle som ikkje forskar på språk. Men så skjer det noko.

På lystavla dukkar det opp ord som ristar deg ut av søvnen.

Fuck

Shit

Cunt

Og gamle svenske skjellsord frå 1600-talet.

Lortracka

Trapphora

Rundstycksfitta

Morrapuler

Dette er SwiSca 2019. Swearing in Scandinavia.

Langt framme ved tavla sit ei mørkhåra, langbeint kvinne med knall gule bukser. Ruth Vatvedt Fjeld er pensjonert professor ved Universitetet i Oslo.

Snart skal ho fortelje om arbeidet med Norsk Banneordbok, den første i sitt slag. Ho skal fortelje at ordet fuck opprinneleg er norsk. Men først er det kaffipause.

– Kva synest du om trøya mi?

Med konferansens breiaste glis peikar Ruth på T-skjorta. Der står det MORRAPULER over heile brystkassa med store, blå bokstavar. Trøya fekk ho i gåve etter å ha deltatt i podcasten «Med all respekt», og tenkte at dette var dagen for å ta ho på.

Ruth er banneforskingas Grand Old Lady i Norge. Om ikkje fandens oldemor, så i alle fall ei bestemor. Ingen veit meir om norsk bannskap enn henne.

– Banneorda er for viktige til at vi ikkje skal ta dei på alvor. Det er dei vi tyr til for å få utløp for sterke kjensler. Både negative og positive.

MORRAPULER står det over brystkassen til Ruth Vatvedt Fjeld. Her i samtale med Dr. Richard Stephens

"Morrapuler" står det på T-skjorta til professor Ruth Vatvedt Fjeld

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Lokalet summar av engelsk og ymse nordiske talemål. Ruth veivar engasjert med hendene, så hårlokkane dansar. Forskarhjarta bankar verkeleg for tabuorda. Lenge var ho nokså åleine om den lidenskapen i Noreg.

Akademikarar vegra seg for å gå inn i desse mørke krokane av daglegtalen. Først i seinare år har tabuord fått innpass i ordbøker og på pensum.

Men kvifor denne brennande interessa for grove uttrykk?

Ein episode i Ruth sin barndom kan kanskje gje svaret.

Fekk juling

Vi skal rundt 60 år tilbake i tid. I Aremark, ei idyllisk lita Østfold-bygd, har vesle Ruth låst seg inne på utedoen. Som mange andre nyttar ho pausen til andeleg påfyll, og har med seg eit blad.

Eit Romantikk, lånt av ei venninne. Slike blad må nemleg lesast på do, for i barndomsheimen er dei bannlyst. Oppslukt som ho er av den gripande kjærleikshistoria, misser ho taket. Og ser det glansa papiret forsvinne ned i mørket, der anna papir for lengst har mista glansen.

– Da kom det nokre stygge gloser.

Det Ruth ikkje visste, var at faren stod på utsida. Han fekk med seg kvart ord, og likte slett ikkje det han høyrde.

– Det enda med juling. Kroppsleg avstraffing. Slikt var ikkje så uvanleg den gongen. Og banning var strengt forbode i min oppvekst. Noko av det verste eg kunne gjere.

Ho trur den strenge oppsedinga har betydd mykje for interessa ho seinare utvikla for bannskap og tabuspråk.

– Du veit, dragninga mot det som er ulovleg er ei sterk drivkraft. Heime hos oss var det svovelpredikanten Ole Hallesby som var den store helten.

Teologiprofessor Hallesby kom også frå Aremark. Ruth ser ironien i akkurat det.

– Så vidt eg veit, har Aremark berre fostra to professorar. Hallesby og meg sjølv. Du kan vel seie at vi er i kvar vår ende av skalaen.

Manglar i ordboka

Nokre år etter hendinga på utedoen er Ruth blitt student. Ho sit i eit auditorium på Universitetet i Tromsø. Gjestorelesar Even Hovdhaugen snakkar om tabuspråk. Alle slags tabuspråk. Taterspråk, romani og banning.

– Hovdhaugen var ein fantastisk forelesar, og ein augeopnar for meg. Kva er det vi seier, kvifor seier vi det, og kva er det som skjer i hjernen vår når orda blir produsert? Tenk berre på kor deilig det er å banne når ein er skikkeleg sinna!

Den faglege gnisten for tabuord var tent. Og interessa blei ikkje mindre etter sommarjobben i Tromsø kommune. Kollegaen der var gammal selfangst-skipper, og Ruth fekk lære gloser ho aldri før hadde høyrt.

Då ho nokre år seinare fekk jobb som stipendiat ved Universitetet i Oslo, gjorde ho ei ny oppdaging. Ho skulle jobbe med Bokmålsordboka, og merka seg at banneorda var så godt som fråverande .

– Og så banneorda da, som er så mykje brukt i daglegtalen! Ofte er dei blant dei første ein lærer når ein høyrer eit nytt språk. Så kvifor skulle ikkje dei få vere med i ordboka?

Ruth tenkte at her må det gjerast ein jobb. Ho ville samle inn banneord, og systematisere. Finne ut kva dei betydde, og kva som var opphavet.

– Mange av dei er veldig gamle. Tusenvis av år i enkelte tilfelle. Det ligg så mange spennande historier bak banneorda!

Tanken på å lage ei eiga banne-ordbok hadde ho leika med i fleire år. Då forlaget spurte, var det berre å gå i gang. Og resultatet av mange års innsats kom altså ut i fjor. Eit nybrotsarbeid ho snart skal presentere for sine internasjonale forskarkolleger.

Fuck opprinneleg norsk

Rofferska

Fyriksfitta

Fyllracka

På konferansen handlar det først om ord som svenskane brukte då dei fornærma kvarandre før i tida. Og det gjorde dei, minst like infamt på 1600-talet som i dag. Erik Falk frå Universitetet i Uppsala har studert gamle rettsdokument. Som Ruth, meiner også han at det er viktig å forske på banning.

– Banneorda råkar hardt, og har alltid gjort sterkt inntrykk på folk.

Erik Falk har testa kva slags ord studentane hugsar best. Han las opp lange lister, og det dei hugsa etterpå var orda i starten og slutten. Og så banneorda.

– Når så mange folk bannar, er det er viktig å finne ut kvifor vi brukar dei stygge orda, korleis vi brukar dei og kvar dei kjem frå.

– Veit du forresten at at fuck er norsk? Det er Ruth som spør.

Shit, det visste eg ikkje!

Ordet fuck har sitt opphav i det norrøne verbet å fokka, som tyder å slå. Ifølgje professoren var det eit ord vikingane brukte for å skildre mannen sine handlingar under samleie. Og i amerikanske fengsel oppstod uttrykket fuck you som eit trugsmål fangane imellom.

– Det handla om menn som valdtok menn. Det næraste vi kjem på norsk er ordet straffepule. Ikkje særleg pent.

F-ordet overalt

Fuck er komme for å bli. Vi har berre sett starten på globaliseringa

Ruth Vatvedt Fjeld
Ruth - Konferansen Swearing in Scandinavia 2019

Her i landet dukka F-ordet første gong opp i 1948. Det stod på trykk i den svenske romanen Konvoi av Torsten Johanson.

Fuck - Konferansen Swearing in Scandinavia 2019

I dag er fuck verdas mest brukte banneord. I følgje Ruth er det berre OK som er meir internasjonalt

Grafer - Konferansen Swearing in Scandinavia 2019

Saman med ei gruppe forskarar har ho undersøkt bruken av fuck i seks land - Norge, Danmark, Island, Russland, India og Etiopia. I dei to siste opptrer det sjeldnare. Men det er berre eit spørsmål om tid, trur professoren.

– F-ordet vinn fram overalt, og fortrenger dei gamle, lokale banneorda. I Østfold sa vi for eksempel hetebek før i tida. Eit anna uttrykk for helvete, som er heilt borte i dag.

Når fuck spreier seg raskare enn brunsnegelen, har det mykje å gjere med påverknad frå amerikansk populærkultur. Særleg filmar, men også musikk. Og jo nærare du kjem USA, jo sterkare blir påverknaden.

– I dag brukar vi ordet i mange ulike former. Føkke opp, i tydinga øydelegge. Ikkje føkk med meg, i staden for ikkje tull med meg. Eller føkkings bra, ei forsterking av noko positivt. Til dels er ordet blitt avtabuisert, og høyrest mindre stygt ut enn det var i utgangspunktet.

Vert for årets bannekonferanse er Kirsty Beers Fägersten. Svensk-amerikanar og professor på Södertörn Högskola. Også i Sverige grip dei engelske banneorda om seg. Ein av grunnane, trur Kirsty, er at dei har ein mildare klang enn dei svenske.

– For svenske ungdommar er engelsk meir eit leikespråk. Fuck, shit og bitch er blitt ein del av daglegtalen. Når det er alvor, og nokon verkeleg er rasande, er det framleis dei svenske orda fan, helvete og jävlar som gjeld.

Banning gjer deg sterk

– Banning er nyttig. Dei som bannar, taklar smerte betre enn andre, og får større krefter.

Bannin psykolog

Psykolog Richard Stephens meiner å kunne bevise at folk toler meir smerte og hardare påkjenningar når dei bannar.

Mannen bak denne påstanden er ikkje språkforskar, men doktor i psykologi. Richard Stephens frå Keele University i Manchester har gjort eksperiment der frivillige forsøkspersonar blir utsette for smerte.

– Dei må sitje med handa i ei bøtte med isvatn. Når smertene kjem, får dei først berre lov til å bruke nøytrale ord. Så gjer vi eit nytt eksperiment, der dei får banne og steike så mykje dei vil.

Du har sikkert alt gjetta resultatet. Testpersonane heldt lengre ut i isvatnet når dei fekk utløp for smertene gjennom stygge ord.

– Du kan kalle det ein psykologisk effekt. Det verkar som banninga gir oss eit ekstra gir, den set oss i stand til å yte det vesle ekstra.

– Vil du oppmuntre dottera di til å banne?

Stephens nøler lenge. Ser i taket og leitar etter ord. Svaret han endar opp med er diplomatisk.

– Det kjem nok an på situasjonen. Normalt ville eg be henne vere varsam. Vi må ikkje gløyme at mange framleis finn banning støtande.

Kalenderjævelen

Støtande eller ikkje - banning har utan tvil vore nyttig for Lilian Bäckman. For henne er det ein forretningside. Ho er illustratør, forfattar og artist, og er invitert til bannekonferansen fordi ho har utvikla Kalenderjävulen. Definitivt ikkje noko du vil ha på veggen om du er lett-krenka.

– Eg ville lage ein kalender, men visste ikkje kva eg skulle dekorere den med. Etter litt famling, gjekk eg ut på sosiale medier og spurde om råd. Nokon foreslo banning, og eg tenkte «spot on, der har du meg».

Tack som fan

Någon jävla ordning

Satan i gatan.

Bäckman er glad i slike uttrykk. Ho meiner dei har ei forløysande kraft i seg. Kvart blad på Kalenderjävulen er utstyrt med ord eller uttrykk som på ein eller annan måte er tabu.

Nokre er direkte sitat frå folk. På sjølvaste julemånaden desember står det «Knulla, knulla, för fan». Noko den svenske riksdagspolitikaren Per Svedberg skal ha sagt til ein kvinneleg kollega etter eit fuktig julebord. Det utløyste politisk skandale i grannelandet.

Ikkje uventa, har Bäckman sin kalender møtt blanda reaksjonar.

– Dei som likar kalenderen, elskar den. Medan andre ikkje eingong vil ta i den, og lurer på kva eg driv på med. Og det kan ein jo lure på.

Banne-radar

– Kor mange i dette rommet bannar dagleg?

Psykolog Richard Stephens ser ut over forsamlinga. Hendene stig til vers, ei etter ei. Nokre nølande, andre meir sjølvsikkert. Ruth høyrer til i den siste kategorien, i følgje seg sjølv.

– Søren seier eg utan å blunke. Elles blir det ofte milde uttrykk som «Fader i havet». Det hender det kjem verre gloser også. Men eg lyttar nok meir til banning enn eg bannar sjølv.

Over tid har Ruth utvikla eit heilt spesielt øyre for å fange opp banning. Ein slags banne-radar.

– Om eg sit på bussen, trikken, eller på kafé, kan eg høyre på fleire meters avstand om det dukkar opp nye banneord. Då er eg rask til å notere det på mobilen. Det siste eg har komme over er grævlig. Ei rogalandsk forfining av jævlig.

Det er slik ho har jobba for å lage Norsk Banneordbok. I ei årrekkje har ho observert vanlege folk i kvardagslege situasjonar. På konstant jakt etter nye ord og uttrykk.

– Det er det vanskelegaste med å forske på banning. Du er avhengig av å tjuvlytte på folk, komme tett på ekte situasjonar. I arrangerte samtalar vil folk legge band på seg. Mykje av banninga er jo framleis tabubelagt.

– Men det er større aksept i samfunnet for banning no enn før?

– Det kjem an på kva du definerer som banning. Ord som herregud og fader er det vel knapt nokon som reagerer på lenger. Og både fan og jævlig er oftare å høyre på radio og TV enn før. Særleg det siste.

– Du som har høyrt så mykje banning, har du eit favorittuttrykk?

– Ja, kjem det kontant.

Firfislefitte!

Professoren ler høgt og fandenivoldsk. Det er ikkje slike ord ein ventar å høyre frå 71 år gamle bestemødre.

Firfislefitte! Smak på det ordet. Eg syns det er eit godt ord, og i tillegg er det morsomt å seie. Fremre vokalar som i høyrest liksom litt finare ut enn dei bakre. Akkurat som pene damer før i tida sa Gid i staden for Gud. Firfislefitte har både bokstavrim og tre fremre vokalar etter kvarandre, fi-fi-fi. Fir-fisle-fitte.

Ingenting å seie på den språkfaglege grunngjevinga, altså. Uttrykket har ho lært av ein barndomskamerat frå Aremark. Men kva betyr det?

– Det er berre eit anna ord for klatremus. Noko vi kvinner kallar medsøstre som er villige til kva som helst, så lenge det får fart på karrieren.

Sjølv har ho bygd karrieren på ord som ingen andre ville ta i. Og kan slik sett takke fan for det.

Filler

Ruth Vatvedt Fjeld var tidlegare i år gjest i Eides språksjov med Linda Eide.